Volda skisenter

Anlegget har både slalåm-, langrenns-og skiskytingsfasilitetar. Der er tre trekk og ulike traséval. Barnetrekk, familietrekk og hovudtrekk.

Toppen som hovudtrekket går til, er utgangspunkt for både dei fleste nedfartane og toppturar til Grøthornet og Melshornet. Den mest krevjande løypa er Bratthenget (svart). Hovudtraséen (raud) er ikkje så vanskeleg som ein kanskje kan få inntrykk av. Han er markert med raudt for å skilje han frå dei blå løypene. Baksideløypa er lang og er nyleg lagd om, slik at du får renne heile vegen attende til start. Her er det mogleg å ta avstikkarar utanom løypene.

Utleige av utstyr til telemark, alpint, snowblade og snowboard.

Tlf. +47 952 29 069

Foto: Volda skisenter

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.