Romedals Camp

Denne helga kan du bli med balansekunstnar Eskil Rønningsbakken på Camp i Romedalen. Eskil har samarbeidd med Naturfestivalen i Ørsta i mange år. Saman arrangerer med ein unik naturcamp i Romedalen, der ein kan oppleve ei rekkje spanande aktivitetar i ein av dei vakraste fjellheimane i Noreg. Campen er basert på at du sjølv har med  telt og naudsynt utstyrfor å overnatte ute, medan vi syter for aktivitetar, turar, underhaldning og mange gode smakebitar laga til ute i friluft.

Born og unge under 15 år må vere i fylgje med vaksne.
Ver merksam på at alle deltakarar må ta med eige telt, overnattingsutstyr, mat og drikke. Det blir servert berre mindre smakebitar til lunsjen laurdagen. Søndag sel me grillmat til lunsj. Campen er primært for familiar, og det er ikkje naudsynt å melde seg på.


Hundar er også velkomne, men berre om dei er veloppdregne, i band og trygge både for menneske, andre hundar og andre dyr.

Informasjon under Naturfestivalen.

Tlf. + 47 913 67 470

Foto: Naturfestivalen

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.