Sjøbuda Ramoen

Denne unike og nyrenoverte rorbua ligg midt mellom Ørsta sentrum og Ålesund og er omkransa av dei spektakulære Sunnmørsalpane. Sjøbua inneheld eit flott selskapslokale i maritim stil med plass til 70 gjester. Alle rettar, matservering etter avtale.

Sjøbua er også tilrettelagd for overnatting. Der er fire soverom med dobbeltseng og tilgjenge til to nye bad. Du kan også leige ei lita leilegheit med eitt soverom, der det er etasjeseng med plass til to-tre personar. Der er også kjøkenkrok, bad og eit lite opphaldsrom.

Overnattingsgjestene får bruke både fellesarealet innandørs og uteområdet, der det er ein romsleg uteplass med stort spisebord. Her kan du nyte solnedgangen og/eller fiske dagens middag. Sjøbua Ramoen ligg perfekt til for fjellturar og vitjing av andre sjåverdige stader på Sunnmøre. Utleigar kan formidle kontakt for båtleige.

Tlf. +47 959 21 190

Foto 1, 7 og 8: Nils Jarle Sætre, Foto 2-5, 9 og 10 Ragnhild Hjørungnes

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.