Fru Svendsen kafé

Midt i gågata i Ørsta sentrum ligg den gamle, ærverdige Svendsengarden, også kjend som Mellegarden. Det seiest at Svendsengarden har sitt eige spøkelse, omtala i mellom anna fjernsynsprogrammet Åndenes makt.

Kaféen har eit variert tilbod med kaffi, lunsjrettar og kaker. Alt er heimelaga med ein stor porsjon kjærleik. Det meste på menyen kan du få glutenfritt. Menyen inneheld også vegetarrettar.

I hyllene ved disken finn du eit utval av spennande gåver, anten til deg sjølv eller andre.

Om sommaren kan du sitje ute, nyte den flotte hagen og sjå på folkelivet i gata. Fru Svendsen har øl- og vinservering. Brennevin kan serverast i lukka lag.

Me har også ved enkelte høve kulturinnslag som til dømes kunstutstillingar, intimkonsertar og litteraturkveldar. Fru Svendsen er velleigna også for feiring av barnedåp, bryllaup, fødselsdagar, eller minnestunder.

Tlf. +47 997 01 635

Foto 1, 2, 3, 5, 6: ØNK, foto 4, 7, 8: Fru Svendsen

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.