Miss Boyd museet
Museet held til i same bygget som Butikk-, båt- og reiarlagsmuseet. Den amerikanske polarforskaren Miss Boyd hyra på 1930-talet ishavsskuta «Veslekari», tilhøyrande Aarsethreiarlaget, til fire ekspedisjonar til Grønland. Miss Boyd var ei legendarisk dame, som voks opp i St. Rafael, San Francisco. Gullgruver i California gav henne ein stor formue gjennom arv. Mykje av arven brukte ho på ekspedisjonane sine til dei polare strøka.
Museet er ope etter avtale.
Tlf. +47 991 55 472
Foto1 : ØNK, foto 2 og 3: Brit Aanning Aarseth
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470