Aasentunet

 I Aasentunet får du forteljingar om kva språk har å seie for menneska.

 

I over hundre år har gjestar kome til Aasentunet for å oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk.

 

Gjennom året vert det arrangert fleire konsertar, framsyningar og litterære samtaler. I kaféen blir det servert blingsar, nykverna kaffi og populære kaker baka i tunet. I museumsbutikken får du kjøpt mange gode og unike produkt, som du òg finn på nettbutikken handlenett.no.

 

Lokala i Aasentunet høver godt for ulike typar arrangement. Vi tilpassar tilbodet etter gruppestorleik, selskap, møte eller arrangement.

 

I juni kvart år inviterer Aasentunet til Festspela. Her kan du mellom anna møte aktuelle forfattarar, oppleve konsertar, framsyningar, litterære samtalar og kunst i Ørsta og Volda. 

 

Velkomne til Aasentunet og til dei årlege Festspela!

 Tlf. +47 70 04 75 70

Foto 1: Nynorsk kultursentrum, Foto 2 og 3: Simon Sjøkvist, Foto 4: Kib & Morits

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.