
Laurdag 29. mars kl 1400-1600
JAZZKAFÈ BLUE HORN
Blue Horn Jazzband har halde på sidan 1997 og kjem frå Sykkylven, men har og med musikarar frå Ålesund, Volda og tidvis frå Langevåg. Bandet har i utgangspunktet ei trad-jazzbesetning med blåserekke, og kompgruppe med kontrabass, banjo og trommer. Tradjazz, Hot Jazz, Dixieland, Chicagostil. Sjangeren har fått mange namn og variantar. Bandet legg vekt på gode melodilinjer og stoffet er i hovudsak henta fra trad- og swingperiodens glanstid, 1920 -1940, det som går under fellesnamnet ”Classic Jazz.” Dette repertoaret spenner frå vakre ballader til spenstig swing der det er vanskelig å halde godfoten i ro. Bandet går heller ikkje av vegen for å hive seg på stoff frå vår eiga tid.

Fredag 4. april kl 2000-2200
ROHEY DUO
Rohey Taalah og saksofonist Martin Myhre Olsen har begge gjort seg bemerka både nasjonalt og internasjonalt i mellom anna Rohey, Gurls, Hegge, Wako og Trondheim Jazzorkester. Samarbeidet oppstod etter eit ønske om å utforska den nære koplinga mellom vokal og saksofon, og korleis ein kreativt kan skapa eit komplett lydbilete med denne instrumenteringa. For Jazzklubben sin spion på Moldejazz 2024 var denne duoen eit høgdepunkt sjølv på ein ellers stjernespekka festival, og det er difor ei stor glede at vi får presentere dei Volda. Dette må du ikkje gå glipp av!

Laurdag 10. mai kl 1400-1600
JAZZKAFÈ JILB
Siste jazzcafe denne sesongen. Bak tittelen JILB skjuler initialane til John Inge Leira Bjøringsøy seg. Han er organist i Ørsta og geitebonde på Leira i Hjørundfjorden, men ikkje minst ein mykje nytta og omtykt pianist. Stikkord her er allsidigheit - både i sjanger og uttrykk; Her får du alt frå det enkle og vare til det teknisk avanserte og frapperande. Dette er første gong John Inge frontar eit prosjekt, og det gjer han med enkel eleganse!
I kompet sit Carlos Alberici på trommer og Svein Hunnes på bass.

Meir informasjon og billettkjøp her
Other Posts

Festivalar I ØRSTAVOLDA 2025
