
4.-6. april -Den Norske Dokumentarfilmfestivalen
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, eller Dokfilm som han heiter på morsmålet, er den største og eldste festivalen for norsk dokumentarfilm. Festivalen vart arrangert for fyrste gong i 1997, og har sidan den gong vore eit arrangement der filmskaparar og publikum møtast kvar vår i vakre Volda. Den Norske Dokumentarfilmfestivalen har som mål å vise det beste av norsk dokumentarfilm og å fremje unge filmskaparar.


30. april- 3. mai- X2-Festivalen
X2 Festivalen er Noregs største vinter-ekstremsportfestival, og vert arrangert i Volda på Sunnmøre. Festivalen byr på ei rekkje aktivitetar innan surfing, skating, rafting, snøbrett og mykje meir, kombinert med konsertar, foredrag og dokumentarfilm.
Program og aktivitetar: Festivalen tilbyr eit variert program med sportslege utfordringar og kulturelle innslag. Deltakarane kan sjå fram til spannande konkurransar innan ulike ekstremsportar, samt eit rikt utval av artistar frå både inn- og utland. Tidlegare har festivalen hatt artistar som Lemaitre, Dillistone og Autonomie på scena. Billettar til festivalen kan kjøpast gjennom nettstaden til festivalen. Det er også mogleg å melde seg som frivillig, noko som er eit godt høve til å vere ein del av festivalen bak kulissane.
.jpg)
_edited.jpg)
13.-14. juni -Trandalrock
25.-29. juni- Tonehimmel
På Tonehimmel er alle deltakarar komponistar, musikarar, lyttarar, fuglar, insekt, vinden. Alt som er mellom oss er ein del av konsertane våre, vi skaper dei saman!

4.-5. juli - Trandalblues
Første helga i juli kvart år står den vesle bygda Trandal i Hjørundfjorden på Sunnmøre i bluesens teikn. Festivalen har sidan starten i 2008 vakse seg større og meir profesjonell for kvart år, og har alltid fleire norske og internasjonale kapasitetar innan blues/soul sjangeren på plakaten. Variert program av svært høg kvalitet presentert i ei ramme med heilt unike naturlege kulisser i fjord og fjell, gjer at vi står inne for vår påstand om at Trandalblues er "Noregs vakraste bluesfestival".

12.-13. juli- Indiefjord
Indiefjord er ein liten indiepop-festival som finn stad for tiande gong den 12. og 13. juli 2025. Festivalen blir arrangert i den vesle bygda Bjørke i Volda kommune i den indre delen av Hjørundfjorden, omgjeven av dei spektakulære Sunnmørsalpane. Indiefjord er ein dugnadsfestival, der all inntekt går til å dekkje reiseutgiftene til banda. Festivalen blir arrangert av ei gjeng som brenn for musikk og som ønskjer å vise fram denne vakre delen av Noreg til besøkande frå heile verda – og samstundes la besøkande bringe med seg litt av sin eigen kultur og musikk. Å sjå nye vennskap oppstå og få høyre favorittmusikken ved fjorden er det som gir arrangørane glede og motivasjon.



1.-4. august- Sommarljom
Sommarljom er ein årleg musikkfestival. Festivalen har som mål å fremje lokal musikk og kultur, og har vorte ein viktig møteplass både for lokalbefolkninga og tilreisande. Festivalen byr på eit variert program med musikk frå ulike sjangrar, og det er både etablerte artistar og nye talent som står på scena.
Sommarljom har ein uformell, men livleg atmosfære der folk samlast for å nyte god musikk. Festivalen er kjend for den inkluderande og avslappa stemninga, og er eit godt høve til å oppleve Ørsta på sitt beste.

7.-10. august Trandal Countryfestival
Trandal Countryfestival er ein årleg folkefest som feirar countrymusikk i den sjarmerande bygda Trandal, vakkert beliggande langs Hjørundfjorden omkransa av dei imponerande Sunnmørsalpane. Festivalen tilbyr eit variert program med både norske og internasjonale countryartistar, i tillegg til andre kulturelle aktivitetar som hevar stemninga for både unge og vaksne. Det er mogleg å overnatte i koselige hytter, på campingområde eller til og med bli skyssa med båt for å nyte den spektakulære naturen rundt festivalen.
30. august Hjørundfjord mat og kultur
Hjørundfjord Mat og Kulturer ein årleg festival som viser fram både mat og kultur frå Hjørundfjorden og omegn. Festivalen samlar både lokalbefolkningen og tilreisende for å oppleve eit variert program som inkluderer mat og tradisjonelt handverk frå nærområdet.
Målet med festivalen er å fremje den unike kulturen, naturen og dei lokale råvarene i området. På festivalen kan besøkande smake små delikatesser, handle lokalmat, handverk mm. i salsbodene, og det er aktivitetar for borna.
Festivalen har vorte ein viktig møteplass for innbyggarane i regionen.

4.-6. september Sunnmøre kammermusikkfestival
Festivalen byrja som ein idé blant nokre musikalske eldsjeler og har vorte ein viktig tradisjon og møtestad for det lokale musikkmiljøet på Sunnmøre. Kvart år arrangerar festivalen konsertar for publikum på Søre Sunnmøre. Dei musikalske opplevingane står i sentrum saman med fokus på høg kvalitet frå gode norske og internasjonale musikarar. Kammermusikken si sjel er kommunikasjon, og musikken er intim, vakker og ofte utfordrande. For mange komponistar og musikarar er kammermusikk ein sjanger som betyr ekstra mykje, fordi den er personleg og heilt avhengig av kvar enkelt musikar og samspelet mellom dei. Difor legg vi også stor vekt på eit tett og nært møte mellom musikarar, publikum og musikken på konsertane våre. Samspel på høgt nivå finn vi også gjennom når festivalmusikarane møter det lokale musikkmiljøet gjennom festivalkor, meisterklassar, komposisjonskurs, talentkonkurranse, kafékonsertar, foredrag og mykje anna. Festivalen sine kunstnarlege leiarar, Annar Follesø og Wolfgang Plagge, set kvart år saman eit allsidig program som vi vonar gler, utfordrar og vekker nye kjensler, tankar og interesser hos publikum.


2.-6. oktober- Norsk kornølfestival
Norsk Kornølfestival er den einaste festivalen som er dedikert til tradisjonell gardsbrygging. Festivalen vert halden i Hornindal, som er eit kraftsentrum for norsk tradisjonsbrygging. Her brygger folk framleis råøl med einerlåg på gamlemåten som dei gjærer med kveik som dei har arva frå far og farfar.
På festivalen deltek mange tradisjonsbryggjarar, både profesjonelle og heimebryggjarar serverer sitt eige tradisjonsøl. Mange av dei har også med kveiken dei har arva frå forfedrane sine, og nokre deler den ut på festivalen. Vil du smake på norsk tradisjonsøl og prate med dei som held tradisjonen i live, er dette den beste moglegheita.
På festivalen finn vi også kommersielle bryggjarar som sel øl inspirert av tradisjonen og gjæra med kveik. Det blir haldne foredrag om alle sider av tradisjonsbrygginga, og det vil bli ei demonstrasjon av korleis tradisjonsøl vert brygga i hallen under festivalen. Kvar år viser vi fram tradisjonen slik den er på eitt bestemt stad, staden skiftar frå år til år.


November- Lysfest med marknad i gågata, Ørsta
Lysfesten i Ørsta markerer starten på at butikkane lyser butikkvindauge og gatene gjennom dei mørke månadene. Målet er å skape eit opplyst og triveleg sentrum.
I samband med Lysfesten vert det halde julemarknad med salsboder som fyller Vikegata med lokalmat, husflid og småskalaprodukt. Det blir også stemningsfull underhaldning frå utescena ved kunsthuset.
Etter underhaldninga vil det bli eit lystog gjennom gatene.
Dato for arrangementet er ikkje fastsett endå.



Det vil kome fortløpande oppdateringar.
Other Posts

Konsertar med Jazzklubben våren 2025
