Volda kommunale gjestebrygge
Midt i sentrum av Volda ligg den kommunale gjestehamna. Der er det både vatn og landstraum, og både på flytebryggja og på land er det sett opp bord og benker. Der er plass til eit par større båtar.
Det er ikkje førehandstinging av plass.
Det heng informasjon om betaling ved landgangen.
Foto: ØNK
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470