Urke fjordhytter

Urke fjordhytter ligg med utsikt mot fjorden og med Sunnmørsalpane rundt i alle himmelretningar. Dei tre hyttene ligg i utkanten av ein bondegard og har seks eller åtte sengeplassar. Alle hyttene har godt utstyrt kjøken, dusj, WC, vaskemaskin og kabel-tv.


Her er gode tilhøve for fiske i fjorden. I Norangsdalen er det heilt inn til vegen fiskevatn med aure. 16-fots båt med 9,9 hk-motor er inkludert i leiga på alle hyttene. Du kan også leige ekstra båt mot eit tillegg i prisen. Det er sløyebod nær sjøen, og frysekapasiteten er god.

Urke ligg i gangavstand frå dei kjende fjella Saksa og Slogen. Bygda er også utgangspunkt for dei kjende turane over Urkeegga og Hjørundfjordegga.

Bygda Urke har lite trafikk. Den avslappa og rolege stemninga gjer bygda til ein særs veleigna plass for heile familien. Om lag midt i bygda er det  landhandel med daglegvarer, øl- og drivstoffsal og posttenester.

 

Tlf. +47 700 62 054/ +47 977 69 182

Foto: Urke fjordhytter

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.