Tussaparken

Parken har eit variert innhald med leike- og trimapparat, mellom anna kuler med vipp og rotasjon, balansestativ, geoball, og trampoliner. 
Parken har også ein flott paviljong med grill og sitjeplassar, og ein stor parksofa plassert ved vasspegelen eller fontena. 


Inne i parkområdet er det eit flott vassleikeområde med handpumpe, renner og små demningar for variert leik med vatn. Parken viser også ulike former for fornybar energi med tema som vind-, sol- og vasskraft pluss ein liten vindturbin. Det er laga ein strandpromenade mot sjøsida med samanhengande gangveg til Ørsta småbåthamn.

Her finn du mange gamle sjømerke, der bruksområdet og historia til merka er skildra med skilt.

Foto: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.