Kunsthuset
Volda og Ørsta Kunstlag driv Kunsthuset, som ligg i Ørsta sentrum. Drifta av Kunsthuset er basert på frivillig arbeidskraft, men er likevel eit profesjonelt og aktivt galleri med fleire utstillingar og arrangement i året.
Kunsthuset har to utstillingslokale. I fyrste etasje er det utstillingslokale til skiftande utstillingar, som det er fleire av i løpet av året. I andre etasje heng ei stor samling måleri av modernisten Olav Strømme frå Ørsta.
Opningstider for utstillingar er torsdag, fredag og laurdag frå kl 1200-1600.
På nettsida vår finn du utstillingskalender.
Tlf. +47 918 52 542
Foto: 1-3 Lisbeth Bjørneseth Myklebust, foto 4: Anne-Ellingsen, foto 5 og 6: ØNK
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470