Bakketunet

I kulturbygda Bjørke inst i Hjørundfjorden ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar, der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Med dei historiske bygningane kan ein kjenne seg sett attende til middelalderen, der stova, løa, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stallen hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun.

I sommarhalvåret skal Bakketunet vere eit aktivt og levande kunst- og kultursentrum i Hjørundfjorden, med vekt på  formidling av gamal byggjeskikk, historie og livet til fiskarbonden.

 

Tunet er ope for alle kvar søndag og byr på kunst- og handverksutstillingar integrerte i tunet sitt miljø. I stabburet har tunet ein gardsbutikk med lokale varer, og i kammerset finn du strikkebutikk med Hjørundfjordstrikk.

 

På fineversdagar serverer vi pizza frå vedfyrt bakaromn og me sel kaffi/kaffimat i kaféen i grindløa uansett veir.

Vertskapet i Bakketunet tek etter avtale imot grupper med skreddarsydde opplegg heile året.

Sjå utstillingsprogram og opningstider på heimesida.

 

 
Tlf. +47 911 08846

Foto: Helge Eek, Marius Beck Dahle Hjørundfjordstrikk

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.