Glimmerdalshytta

I Glimmerdalen 950 meter over havet står ei enkel koie som var oppussa rundt 1997. Historisk bakgrunn er "Osdalens Glimmercompani" som dreiv utvinning av store flak med glimmer.

I hytta kan være rått om vinteren, men det er tilgjengeleg vedomn og ved. Det er soveplass til fire, men fotendane overlappar. Sovepose og stormkjøkken/primus må du ta med sjølv. Drikkevatn kan du hente i elva i nærleiken, og det er tilgjengeleg utedo.

Glimmerdalshytta er ubetjent og står open til fri bruk for alle.

Koordinatar: 32V 363502 6876709 (UTM)

Foto: Bodil Dypevoll, Nyt Naturen

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.