Dalsfjord kyrkje

Kyrkja i Dalsfjorden er ei krosskyrkje som ligg på Dravlaus i  Volda kommune. Grunnsteinen vart lagd ned av prost Johannes Barstad 18. februar 1910, og den gulmåla kyrkja vart vigsla 29.desember 1910. Kyrkja har ein grunnmur av hogd gneis og er lafta i treverk (tømmer). Arkitekt var byggmeister Ole Havnæs, medan Petter Strømme og Jens Strømsheim stod for bygginga. Det er kyrkjegard ved kyrkja. I 1963 fann ei omfattande renovering stad.

Preikestolen og døypefonten er truleg laga til kyrkja i 1910, og måleriet i altertavla er ein kopi av alterbiletet i Johanneskyrkja i Bergen.

Kyrkja har 400 sitjeplassar.

Kjelde: Wikipedia

 

Tlf. + 47 488 94 147/+47 916 63 549

Foto: Matteo Baratella

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.