Bondalselva camping

Bondalselva camping ligg på Sæbø, tett ved ei av dei beste lakselvane i Møre og Romsdal. Campingplassen er fint plassert ved fjorden og munninga av Bondalselva, omkransa av dei vakre Sunnmørsalpane. Campingplassen har ti tømmerhytter og oppstillingsplassar for campingvogner, bubilar og telt. Sanitæranlegget er tilrettelagt for dei med nedsett funksjonsevne. Her er tømestasjon for bioklosett for gjestene på campingplassen.

Leikeplassen er ny og godkjend etter EU sitt regelverk. Der er mellom anna ei stor trampoline på 5 m med tryggingsnett. Du finn oss i resepsjonen på Bondalselva camping. Her kan du få informasjon om kva du kan ta deg til med i området, forslag til fjellturar og andre aktivitetar på land og sjø.


Tlf. +47 700 40 300

Foto: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.