"Herifrå"- Kjell Idar Saure //Kunsthuset, Ørsta

Utstillar ved kunsthuset i oktober/november er Kjell Idar Saure er frå Åmdalen i Ørsta. Slik beskriv han kunsten sin:

"Maleria mine er landskap med inspirasjon frå Nordvestlandet. Dei er likevel ikkje direkte geografiske skildringar. Bilda kjem frå mitt indre landskap. Det er bilde eg har lagra i hugen på grunn av at eg er herifrå. Dei har såleis ei djupn som går utover det visuelle motivet. Det er sanseinntrykk eg har lagra i sinnet den tida eg har budt her. Inntrykk blanda med følelsar og stemningar i mitt indre. Det er bilde som på manger måtar viser den eg er. Eg kallar dei identitetsbilde." Utstillinga vil henge fram til 9. november.

Opningstider:

Torsdag, fredag og laurdag kl 1200-1600.

Utstillinga er gratis.

Other Posts

Øyralangs 2024 //Elvadalen

Frå kl 18. laurdag 18. frå kl 1800 og søndag 19. oktober til kl 2200 kan du få med deg ei stemningsfull vandring utanom det vanlege. Då vil mange kreative og entusiastiske folk dekorere Elvadalen med lys, dekorasjonar og det blir kanskje underhaldning?
Read more

Haustprogram for Havila Hotel Ivar Aasen

Haustprogrammet for Havila Hotel Ivar Aasen er klart. Her ligg alt til rette for mange gastronomiske høgdepunkt.
Read more

Aktivitetar på Hingarden Stall 2024//Hornindal

På Hingarden stall tilbyr dei eit breitt spekter av aktivitetar for ryttarar i alle aldrar og ferdigheitsnivå. Dei arrangerer aktivitetar både for nybegynnarar og erfarne ryttarar. Du kan vere med på uteturar, rideleir og ridetimar.
Read more