Haustprogram for Havila Hotel Ivar Aasen

20/09: Texas BBQ med grillmester Roy fra Gilde – Kr 495, - / kl 1800

Restaurant Varde tilbyr ei unik kulinarisk oppleving.  Her blir dei beste  råvarene frå lokale leverandørar nytta. Roy Vedlog frå Nortura PROFF, gjentek suksessen frå i vår, men denne gongen leitar kjøkkensjefen fram grillen.

Nortura

Kjøkkensjefen har sett saman ein herlig grillbuffè med dei beste kjøttstykka. Du vil finne mellom anna brisket, baby back ribs, kyllingoverlår og mange herlige Texas BBQ inspirerte rettar. Bli med  på Texas BBQ Aften, og nyt autentiske grillsmakar.

Les meir

Oktober:

04/10: Viltkveld med Hovdenakk Hjort og Vingruppa

Mat kr 745,- (5-rettar) / kr 595,- (3-rettar), kr. Drikke frå kr 295,- / Kl. 1800

I samarbeid med den lokale produsenten Hovdenakk Hjort, har Havila sett saman ein herleg 5-rettar meny av det beste frå hausten i dei sunnmørske fjella og skogen. Vingruppa har sett saman ei drikkepakke tilpassa menyen. Lenke til arrangementet her

 

18/10: Asiatisk tapas – Kr. 495,- / Kl. 1800

Varde Restaurant inviterer til ein spanande Asiatisk buffè. Kjøkkenet har leika seg med asiatiske smakar og råvarer, med retter som sushi, vårrullar, dumplings, filippinsk adobo, scampi-nudlar og lamme curry. Lenke til arrangementet her

 

November:

01/11: Fiskekveld med Silver Seafood, Ervik Havfiske og Vingruppa kl. 1800

Mat kr 745,- (5-rettar) / 495,- (3-rettar),  Drikke frå 295,-

Varde Restaurant byr på utsøkte smakar frå havet der leverandørar som Silver Seafood og Ervik Havfiske tek med breiflabb, sjøkreps og tangfisk. Dei vil også dele historier under middagen. Vingruppa tilbyr tilpassa drikkepakke. Lenke til arrangementet her

 

15/11: Klassisk tapas – Kr. 495,- / Kl. 1800

Kjøkkensjefen har sett saman ein tapasbuffè med både kalde og varme retter som tortilla de patatas, bruschetta, tomatsalat, sticky chicken wings og potet bravas.

Lenke til arrangementet her

Bordreservasjon

Other Posts

"Herifrå"- Kjell Idar Saure //Kunsthuset, Ørsta

Fredag 18. oktober kl 1800-2000 opnar ny utstilling i regi av Volda og Ørsta kunstlag. Kunstnaren er til stades, og det blir kunstnarintervju der han fortel meir om kva som ligg bak uttrykket i bilda.
Read more

Øyralangs 2024 //Elvadalen

Frå kl 18. laurdag 18. frå kl 1800 og søndag 19. oktober til kl 2200 kan du få med deg ei stemningsfull vandring utanom det vanlege. Då vil mange kreative og entusiastiske folk dekorere Elvadalen med lys, dekorasjonar og det blir kanskje underhaldning?
Read more

Aktivitetar på Hingarden Stall 2024//Hornindal

På Hingarden stall tilbyr dei eit breitt spekter av aktivitetar for ryttarar i alle aldrar og ferdigheitsnivå. Dei arrangerer aktivitetar både for nybegynnarar og erfarne ryttarar. Du kan vere med på uteturar, rideleir og ridetimar.
Read more