Helg med Slingsby, Mohn, Patchell & kvinnene som fall gjennom bresprekkene av idrettskistoria vår //Union Øye

SETT AV EIN KVELD, ELLER EI HELG: Bli med på ei heilt spesielt helgatreff og fjellmøte med nye fakta om gamal tid på Union Øye. Det skjer helga - fredag den 7. februar til laurdag 8. februar på Øye.

PÅMELDING OG BESTILLING SENDE DU TIL: post@unionoye.no - https://www.unionoye.no/no Tagg i emnefeltet #patchell-slingsby-mohn (sjå pakkane lenger nede).

FREDAGKVELD: Historiefortelling med forfattar Eli Anne Tvergrov, middag, drøs på temaet utover kvelden og overnatting. Foredraget startar sharp 18.00. Middag etterpå.

LAURDAG: Meld deg på og gå i fot(ski)spora til William Cecil Slingsby, Emanuel Mohn og Charles M. Patchell saman med Hjørundfjord Mountaingude. Meir info. kjem alt etter vêr og føre.

BAKGRUNN: Dette blir ei heilt unik oppleving om og med fjella, krydra med ei urframføring frå ein komponist med eit musikkstykke du aldri har høyrt før. Det starta på kaihuset på Urke og spørsmålet om kva for ei kvinne frå gamalt av, som var mest naturleg å ha fotografi av på veggen? No kjem svaret. Fredagskvelden skal via Sunnmøre, Nordfjord, Romsdal, Nordmøre, Lyngsalpane, Hurrungane, Jotunheimen, Sveits, Kaukasus og Himalaya.

Laurdag held vi oss i terrenget, ein eller annan plass tillknytta det me fekk høyre om fredagskvelden.

Med andre ord - ei heilt unik oppdatering på vår felles fjellhistorie frå 1850 til 2025. Den passar uansett kva form du er i.

Du kan kjøpe ulike pakkar inkl. foredrag og overnatting.

Skitur med historie laurdag for dei som ønskjer å delta på det.

Meir informasjon her

Other Posts

Sunnmørsalpane skifesteival //Union Øye

Etter to fantastiske år med Sunnmørsalpane Skifestival, gler arrangørane seg til februar og festival midt i hjartet av Sunnmørsalpane der folk, skiopplevingar og mat er samla i fortryllande omgivnadar. For alle som er glad i ski kan dei freiste med spanande føredrag, afterski, og konsert på låven.13.-16. februar.
Read more

Smakfulle buffèar ved Havila Hotel Ivar Aasen våren 2025

I vår kan du fråtse i deilige smakar når Restaurant Varde vartar opp med bugnande buffèar.
Read more

Kunstutstilling med Jertrud Eikås- «In progress». Maleri og grafikk //Kunsthuset

Jertrud Eikås kjem til Kunsthuset i Ørsta med fargerike bilete. Utstillinga står frå 24. januar til 15. februar.
Read more