Frå tare til tind
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Filter
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Brudavolltunet- Ørsta bygdetun
Vakkert gardstun frå 1600-talet
#museum
#familie

Elibu-rorbu Rjånes
Rorbuferie tett ved barnevenleg strand
#overnatting
#familie
4 gode grunnar til å besøke oss
Natur, kultur og dei gode opplevingane står i kø når du besøker Ørsta/Volda. For familiar finn du flust av aktivitetar, og for deg som ønsker naturopplevingar er dette "Mekka"!
01.
Natur
I Ørsta/Volda blir du omslutta av vakker natur frå alle kantar. Sjøen, fjella, eit uttal med turstiar og gapahukar der du kan nyte brødskiva eller grille pølser før du inntek zen-modus i medbrakt hengekøye.
02.
Kultur og matkultur
Her kan du meske deg med kortreist og lokalprodusert mat og drikke i omgjevnader med minner frå svunnen tid. Området byd også på alt frå museum og gamle båtbyggjartradisjonar til musikkfestivalar i ulike sjangrar.
03.
Familieopplevingar
Aktivitetsparkar, ridesenter, pumptrackbaner, båttur, leige båt eller på vinterstida besøke eit av dei flotte skisentera i området. For dyreglade er gardsferie eit alternativ der du kan bu tett på dyra og plukke egg til frukosten.
04.
Alpine fjelltoppar
Sunnmørsalpane overgår det meste av fjelltoppar, og er i ei klasse for seg sjølv. For deg som er toppturentusiast er dette paradis! Det er alltids ein ny fjelltopp å bestige, sommar som vinter.
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470