Oversikt over elvane i Ørsta/Volda
Kilselva og Bjørkedalsvassdraget
Ope mellom 15. juni-15. august
Kilselva og Bjørkedalsvassdraget strekk seg frå Kilspollen til Stigedalsvassdraget og er inndelt i 3 soner.
Bjørkedalsvatnet med tilhøyrande elver er delt i 2. Nøre Bjørkedal med Fureåkreelva, og Bjørkedal utmarkslag med mellom anna Helsetelva og Laurdalselva med fleire. Informasjon om fiskereglar og fiskekort finn du på Facebook
Bjørkedal utmarkslag (Sørdalen) sel også fiskekort via fiskekortkasser, i tillegg til digitale fiskekort via inatur.no
Vikeelva, Bjørke
Ope mellom 15. Juni og 31. august.
Kjend for stor laks, treng nedbør for å få god oppgang av laks.
Elva høver best for fiske med makk.
Fiskekort for sone 2,3 og 5 kan kjøpast her.
Austefjordsvassdraget er no stengt.
Ørstaelva er no stengt
Bondalselva
Bondalselva held ope for lett fiske frå 15. juni- 1. august
Elva renn gjennom Bondalen til Sæbø ved Hjørundfjorden i Ørsta kommune og er ei av dei beste lakseelvane i Møre og Romsdal.
Sal av fiskekort
Sal av fiskekort på Joker Sæbø. Utanom opningstid er det sal av kort på Hjørundfjord camping. I tillegg sel Bondalselva Camping eit par kort.
Det er høve til å fiske 1 laks pr kort/tidsperiode. Om du får 1 laks, må du vente til neste tidsperiode for å fortsette fisket. Maks 2 laks per dag per fiskar og maks 3 laks pr veke/fiskar. Årskvote 10 laks pr fiskar. Dersom du fiskar 3 laks i veka, kan du fortsette fisket veka etter. Etter ein fangst på 10 laks, er fiske i Bondalselva over for sesongen. Minstemål på fisken er 35 cm.
Det er ikkje høve til å fiske Ørret i 2024 på grunn av låg bestand.
På grunn av lav vannstand og lite innsig blir det innført lett fiske i Bondalselva frå 24.06.24
Lett fiske er fiske med:
a) fluge der flytande dupp eller flugesnøret (flyteline) utgjer kastevekta
b) makk med eller utan dupp.
Søkke er forbode.
Sluk eller wobbler er forbode.
Døgnkvota er redusert til 1 laks pr fiskar/døgn og 2 pr. veke.
Oppheving av restriksjonar vert annonsert her.
Obligatorisk desinfisering av fiskeutstyr. Det er desinfiseringstasjon nedanfor Hustadbrua.
Styret kan iverksette innkortingar ved lav vannstand eller liknande.
Desse elvane er stengde på ubestemt tid:
Vartdal (søre)
Nordre-Vartdal
Barstadvik
Øyraelva (Volda)det vert vurdert å opne for sjøaurefiske frå 1. juli. Dette blir i tilfelle publisert her
Krav om rapportering :
- All form for fiske
- Fangstrapportering (krav om rapportering uavhengig av om ein får fisk eller ei).
- Rapportering av pukkellaks og mistanke om sjuk fisk på elveguiden
Alle som fiskar i lakseelvane må løyse statskort
Filmklipp av Marius Kile Brenne.
Kilselva, Kilspollen og oppover utløpt av Kilselva, Utløpet av Mevatnet, nedover Staksetelva til Nedstevatnet.